
Fiskeregler
Nattfreding og forbod mot markfiske gjeld i vassdrag med lakseparasitten G. salaris og er tiltak fyrst og fremst knytt til sjøaure. Begge tiltaka vil verne verdfull fisk, store som små, ved å redusere fangsteffektivitet av vaksen fisk og i tillegg vere tiltak som har positiv effekt i å spare ungfisk. Ungfisk i gyro-vassdrag er nesten eine og aleine aure.
Fiskeperiode
I Møre og Romsdal er det tillate å fiske anadrome laksefisk i vassdrag frå og med 20. juni til og med 31. august.
Følgjande unntak gjeld: periode (f.o.m. - t.o.m.) og vassdrag
01.06.-31.08. Surna i Surnadal kommune, Usma i Sunndal kommune og Istra, Innfjordelva og Henselva (Isa/Glutra) i Rauma kommune
01.06.-15.09. Driva i Sunndal kommune. Fisket i september gjeld frå og med Romfo vald til fylkesgrensa. I Driva gjeld fisketida frå kl 18 - 13 neste dag i heile sesongen. Litledalselva i Sunndal kommune og Rauma i Rauma kommune.
I Rauma gjeld fisket i september frå og med Rygghølen til stopp lakseførande strekning.
Fangstavgrensing
Det er berre tillate å fange anadrome laksefisk som er minst 35 centimeter.
I Rauma, Istra, Innfjordelva, Henselva (Isa/Glutra) i Rauma kommune gjeld ein døgnkvote på 1 sjøaure pr. fiskar.
Laks er ikkje inkludert i kvotereguleringa.
| >> | Alt om fiskeregler i distriktet finner du her |